onsdag 11. juli 2012

kaninar, rebekka og høge tretoppar.




eg har blitt kaninpassar. eg lagde vimplar, som er ein av mine favortt-ting. eg og rebekka feira  attenårsdag på etterskudd med pizza-piknik i senga. og så leika me lenge i skogen. ein bra feriedag!

tirsdag 3. juli 2012

Ei veke i 30 grader. solbrun hud. sand mellom tærne. bølgebrus. varm kitlande vind. salt i håret. frukost på terassen. barnehyl. lyden av grashoppar. tronge gater. murhus. turistar og nordmenn. resturang. fint.fint.fint. men no er det godt å vere heime att.
Her kjem ei uendeleg mengde bileter frå ei fin veke på Kreta med min mor og min far.

001 002 003 004

005 007 008 009 010 012 014 015 015 017 019 020 022 023 024 025

torsdag 21. juni 2012

varme. litteratur. havbris.

Kofferten er fyllt med fine sommarkjolar, bikini og såpebobler. Nye spelelister er blitt laga og tjukke bøker lånt inn. eg gler meg til lyden av havet, varmen frå sola og sand mellom tærne. ein ny kultur, ny mat og ein ny utsikt utanfor vindauget. det kjem til å bli ei fin veke.


bilete // Ivar 

mandag 18. juni 2012

min dag gjennom min mobil.


No er siste skuledag overstått og eg har offisiellt sommarferie. til tross for at sommarveret manglar, kjennast det utruleg herleg å kunne gjera akkuratt det eg ynskjar i morgon. friheita til å sova lenge, lesa i  ørten timar, pressa blomar eller køyre på lange bilturar med fine folk. ah, det skal bli ein bra sommar. 


søndag 3. juni 2012

03.06.12



Dagane er fine. Særleg når ein slepp å bruka strømpebukse og kan lufte tærne. dei siste vekene har inneholdt alt anna enn skule, og no er er klar for eksamen og sommarferie!

torsdag 24. mai 2012

fine ting ein torsdag



lange lyse kveldar
middelhavsvarme og bare bein
vissheita om at du kan sove lenge
kribling i magen
 tid til å lesa anna enn skulearbeid
solbrente skuldrer
26 dagar til fridom.
tanken på ei fin helg med gode folk.