søndag 15. januar 2012

ein nærmast perfekt laurdag.

Eg merkar aldri at eg saknar heime-laurdagar før eg får ein. og dei er absolutt undervurdert. Mogleheita til å sove så lenge eg vil, gå på gjenbruken med mor og ete lunsj saman med heile familien er det ikkje alltid eg har. 

Når kvelden kom reiste eg, Ester og Hanna for å overnatte på Rebekkas hotell.

Kvelden blei tilbragt på piknikteppe i stua med monopoly, thailand-bileter, god mat og fine samtalar. Før det blei dans og Avatar.










1 kommentar: