På måndag feira me at Cathrine vart vaksen. Sidan ingen av oss følar oss særleg vaksne hadde me barneselskap i kantina på skulen. Dette skal heilt klart bli ein tradisjon.
Me hadde med oss muffins, makronar, rosa tallerkar, liverpool-glas (til bursdagsbornets store begeistring), små vimpel-flag og krone. ein blir jo tross alt berre 18 ein gong.
Me var på fotoutstilling på Bryne Mølle på slutten av dagen, før eg fekk lov til å vera med på middags-besøk hos Ester. Det var ein av dei finaste mandagane på lenge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar