onsdag 21. mars 2012

atten og snart ei veke.

Her er eit lite biletedryss frå den siste veka, kameraet har desverre vore mykje åleine heime, og blitt erstatta av mr. mobil. Men det har vore ei svært begivenheitsrik veke!! Eg har jo som sagt blitt atten og feira dette med piknik, bollefest og "ungdomsfest" som dei gamle så fint kallar det. OG ikkje minst; EG HAR FÅTT SERTIFIKATET! sjukt stas, og eg følar meg vilt vaksen. Ein anna sjukt kjekk ting som har skjedd er at Far og eg har laga dissa på rommet mitt. Fin og kvit med runde kantar og blomar på trådane, kunne ikkje vore betre!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar