torsdag 19. april 2012

ein tom torsdag.

Dagen har bestått av tv-seriar som gjer at eg gløymer meg sjølv. Eg elskar dagar der eg har tid og tek meg tid til å gjera ingenting. Nokon gonger er det greit å berre sitte i sofaen i staden for å gjere lekser eller trene. Det er ikkje alltid nødvendig å vera fem minutt før alle andre, det er greit å ta ting litt i siste liten nokon gonger. Slik at ein kan ha ein torsdag ettermiddag der ein kan sova ein halv time i sola, spisa yndlingsmiddagen, sjå to episodar glee, og døy over kor flinke dei faktisk er, medan ein veit at ein har tid til å slappa av. lenge leve utsetjing og ufornuftig tidsbruk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar