søndag 8. april 2012

eit egg, ein skitur og lange morgonar.

Eg har hatt ferie frå alt. Reist til den staden kor tida står stille, kor du får lov til å kaste bort ettermiddagar på å strikke, gå ein tur eller lese. 



Eg likar korleis alt alltid er det same på hytta. Eg gjer det same som alltid og alt ser ut som det alltid har gjort. trygt og kjent.
Eg har gått med hytte-kleda mine,  såte i mitt faste hjørne av sofaen og på min faste stol ved bordet. 



eg og mor har handla på alle dei tri lokale matbutikkane, fordi dei alle manglar nokre viktige matvarer. og alle manglar bra smågodt, eit stort minus desverre. I min yndlingsbutikk er det så trongt at ein nærmast ikkje kan passera kvarandre mellom hyllene. I tilleg har dei nybakt brød, overflod av pepsi max (som står stilt opp på lang rekke langs veggen), sminke-avdeling,  alt-til-hytta-avdeling og båt-parkering. Når me reisar på butikken er det som ei lita utflukt. slik burde det vera å gå på butikken heime også. 
eg fekk gjort ferdig piknikteppet mitt, som er megastort og som eg har haldt på med i ein halv evigheit. Det er perfekt og blei innvia på piknik med Ester på stranda.


Eg har besøkt naturen litt også. Toppturdelux med fantastisk utsikt og fine rasteplassar. 

og eg har sjølvsagt gått påskeskitur i solskinn og blitt solbrendt på nasen. eg likar å sjå korleis alle plent skal ut å gå på ski, til og med ungar på knapt to år skal gå sjølv. er me nordmenn så er me nordmenn. 

som alle andre år hadde me egg-jakt rundt hytta. og kokte gule egg og steikte pinnebrød på bålet. før me avslutta kvelden med påske-krim på nrk (som faktisk var mykje skumlare enn noko anna krim eg har sett på lenge). men lenge leve tradisjonar!
men no trur eg at eg skal vera litt ungdom, og venta med å bli pensjonist på 50 år. 

God påske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar